Namn og nemne
Namn og nemne, tidsskrift for norsk namnegransking, vert gjeve ut ein gong i året av Norsk namnelag. Medlemer av Norsk namnelag får tidsskriftet fritt tilsendt.
Redaksjonen for Namn og nemne:
Tor Erik Jenstad, Trondheim
Ivar Berg, Trondheim
Redaksjonsråd:
Ole-Jørgen Johannessen, Bergen
Vidar Haslum, Kristiansand
Gudlaug Nedrelid, Kristiansand
Tom Schmidt, Oslo
Klaus Johan Myrvoll, Stavanger
Gulbrand Alhaug, Tromsø
Agnete Nesse, Bergen
Thorsteinn Gudmundur Indridason, Bergen
Frå og med hefte 33-2016 er artiklane som blir publiserte i Namn og nemne lisensierte under Creative Commons lisens CC-BY-SA. Artiklane ligg under NOVUS.
Manuskript, bøker til melding og førespurnader til Ole-Jørgen Johannessen, Universitetet i Bergen, LLE Postboks 7805, N-5020 BERGEN. Send e-post.
I Namn og nemne vert det publisert namneartiklar av ulikt slag, både vitskaplege artiklar og artiklar av meir populærvitskapleg karakter. Her er artiklar om einskilde namneklassar, namnetolkingar, namngjeving, normering av namn, namneteoretiske spørsmål, etymologiske problemstillingar, busetjingshistorie og namn, namn og kulturhistorie osb. I tidsskriftet finst det også namnefaglege diskusjonar og kommentarar til aktuelle namnespørsmål. Kvart hefte har òg meldingar av viktig norsk og nordisk namnelitteratur. Med jamne mellomrom kjem tidsskriftet med register over namn og namnelekkar som har vore omtala i tidlegare hefte, og hefta kan såleis nyttast til oppslag o.l.
Tidlegare hefte kan ein kjøpa ved å venda seg til NOVUS forlag, sjå HER.
Innhaldsliste i årgangar før 2002 og dei to siste årgangane
1984 | 1985 | 1986 | 1987 |
1988 | 1989 | 1990 | 1991 |
1992-93 | 1994 | 1995 | 1996 |
1997 | 1998 | 1999 | 2000 |
2001 | |||
Heile årgangar er lagde ut her
2002 | 2003-04 | 2005 | 2006 |
2007 | 2008 | 2009 | 2010 |
2011 | 2012 | 2013 | 2014 |